Det vert med dette varsla om igangsetting av arbeid med utarbeiding av detaljreguleringsplan for tur/skiløype  Furestøyl, jf §§ 12-1, 12-3 og 12-8 i plan- og bygningslova. Planarbeidet femner om eigedom gnr. 61 bnr. 1 og er om lag 146 daa.

Norconsult AS gjennomfører planarbeidet for Valle kommune.

Formålet med planarbeidet er å leggje til rette for tur/skiløype med asfalt, lysanlegg og snøproduksjon plassert på Furestøyl, rett vest for Brokke alpinanlegg.

Området er i gjeldande reguleringsplan for Kvisle sett av til friluftsområde, jord- og skogbruksområde, bustad/forretning/kontor, idrettsanlegg, parkering og felles avkøyrsel.

Det er halde oppstartsmøte med kommunen den 29.04.2019 og administrasjonen i Valle kommune tilrår oppstart av planarbeidet. Planarbeidet er vurdert til ikkje å vere fanga opp av verkeområdet til forskrifta om konsekvensutgreiingar.

 

Arbeidet er i oppstartsfasen. Me er i gong med å registrere og samle inn opplysningar for planarbeidet. Målet er å oversende planframlegget til Valle kommune for handsaming hausten 2019. Planen vert lagt ut til offentleg ettersyn når kommunen finn framlegget tilfredsstillande.

Planen med tilhøyrande dokument vil femne om:

1)    Detaljreguleringsplan med tilhøyrande planføresegner i samsvar med § 12-3 i plan- og bygningslova

2)    Planomtale som klargjer mål prinsipp og planen sine vesentlege konsekvensar i høve til miljø, samfunn og rørte partar, interesser og omsyn i samsvar med § 4-2 i plan- og bygningslova

 

Innspel til varsel om oppstart av planarbeid kan sendast skriftleg til Norconsult AS v/Elin Dale, Henrik Wergelandsgate 27, 4612 Kristiansand, e-post: elin.dale@norconsult.com innan. 1.8.2019.