Føremålet med reguleringsarbeidet

Føremålet med reguleringsarbeidet er å legge til rette for tilkomst og utbygging av eit lite hyttefelt på inntil 17 tomter.

Lokalisering om omfang

Området får tilgjenge frå privat heieveg og planområdet er lokalisert som vist i kart ovanfor. Plangrensa vil verte avstemt mot naboeigedomar i sør og nord. Teigen er identisk med avsett
areal i KP, teig LFS38. Gjeldande kommuneplan syner området avsett til hytteføremål, LNF- spreidde fritidsbustadar. Tiltaket er såleis i samsvar med arealføremålet i KP. Tiltaket utløyser ikkje krav om KU, det spørsmålet er avklart med kommunens planadministrasjon i oppstartsmøtet den 9. mars 2020. Viktige tema i planutgreiinga vil mellom anna vere forhold knytta til tilkomst, sommar- og vinterparkering, terrengtilpassing, eksponering. Området er ikkje avklart i høve til fornminne.

Forslagsstillar

Forslagsstiller er Gunnar Stubseid. Plankontoret Hallvard Homme AS er ansvarleg for planlegginga.

Innspel til planarbeidet

Innspel til planarbeidet skal sendast til: Plankontoret Hallvard Homme AS, Boks 95, 4747 Valle, eller post@plankontoret.no innan 16. mai 2020. Opplysingar kan de få ved å venda dykk til Gunnar Stubseid, 928 61 287 eller Hallvard på 959 37000. 

Du finner planen i Valle kommune sitt planinnsyn her