Reguleringsarbeidet (Myklevatn 2) omhandlar berre ein liten del av Myklevatn hyttefelt.

Føremålet med planarbeidet er å retta opp i ein sakshandsamingsfeil som blei gjort i samband med godkjenning av reguleringsplan for heile Myklevatn hyttefelt (planid 200401) tilbake i 2011. I praksis inneber planforslaget at Myklevatn hyttefelt får ei ekstra hyttetomt. Fylgjande eigedomar inngår i planområdet: 68/1, 68/170, 68/176, 68/179 og 68/438.

Sentrale dokument i saka, er lagt ut på Velkomstsenteret i Valle kommune. Du finn dei elektronisk her: Høyringsbrev  Forslag til detaljreguleringsplan  Høyringsvedtak og saksframlegg  Plankart


I planinnsyn finn du kart og informasjon om planen – huk av for «Reguleringsplan på høyring» i venstre panel for å sjå planinnhald i kartet.

 

Merknader til reguleringsarbeidet kan rettast til Valle kommune, innan 1. februar 2019.

E-post: post@valle.kommune.no

 

Med helsing

Are Kristiansen
Fung. planrådgjevar

Tlf. 9932 5180