Det er felles skogbrukssjef for Bygland, Valle og Bykle kommune. Kontorstad er kommunehuset i Bygland. Skogbrukssjefen utfører lovpålagte oppgåver, informerer og rettleiar innan skogforvaltning.

For bygging av skogsbil- og traktorveg krævast det søknad til Valle kommune. Hogst i vernskog ut over vedhogst til eige bruk skal det søkjast om tillating til. Meir utfyllande om vernskog finn du ved å gå inn på Reglar for vernskogforvaltninga og vernskoggrenser i Valle kommune. Søknad om tilskott til nærings- og miljøtiltak i skogbruket (NMSK-midlar) og utbetaling frå skogfond sendast på eige skjema gjeven av landbruksdirektoratet, LDIR-907, LDIR-909 og LDIR-910.

I Setesdal er Kjell Arne Rosseland engasjert som faghjelp for å kome med råd og rettleiing i praktisk skogkulturarbeid m.m. Ved å kontakte skogbrukssjefen kan du som skogeigar få gratis synfaring av eigedomen i lag med faghjelpa. Skogbrukssjefen tek imot påmelding til kurs i aktivt skogbruk i Setesdal.

 

Lenkjer:

Miljødirektoratet-Naturbase

Artskartbanken

Normaler for landbruksveier-med byggebeskrivelse frå regjeringen

Skogkurs

Handbok for vegnormalar

Landbruksdirektoratet

Veileder i skoksveger og skredfare

Gårdskart- NIBIO