Ved å gå på nettsida www.smg-iks.no kan du enkelt sjekke tømedatoane for di adresse, og bestille gratis sms-varsling slik at du får en sms kvelden før avfallet blir henta. Nettsida vil innehalde nyttig informasjon for kundar og abonnentar, og viktige driftsmeldingar om henting, forseinkingar og liknande vil også bli lagt ut der.

I tillegg lanserer vi appen «Min Renovasjon», som inneheld tømekalender og høve for å bestille varsel. Du kan også få varsel på fleire adresser, noko som er nyttig om du til dømes bruker å hjelpe andre med å setje frem dunkar.

Det blir no slutt på å sende tømekalenderen i posten til alle husstandar. Men dei som framleis ønskjer å få tømekalenderen på papir kan kontakte Setesdal Miljø og Gjenvinning på telefon 37 93 00 40, så sender dei eit eksemplar i posten.