Valle kommune har ei triveleg og dedikert gruppe med reinhaldarar. Me er fleire nasjonaliteter som arbeider saman, frå Burma, Nord Afrika, Nederland og Noreg.

I teknisk avdeling - reinhald har vi 9,14 årsverk. Me er seks reinhaldarar, seks fagarbeidar og ein koordinator.

Avdelinga har ansvar for reingjøring av kommunale bygg, så som skuler, barnehager, bygdeheimen, kultursenter, kommunehus og bibliotek. Det er tilsaman 17 258,34 m2 som vert reingjort kvar dag.

Vår målsetting er å ha eit effektivt og godt reinhald, innafor de rammer som til einkvar tid blir satt. Tilsette i reinhaldstenesta vektlegger service, høflighet, samarbeid og effektivitet.

Valle kommunes reinhaldsavdeling er oppteken av miljø, og skal være ein bidragsyter til at det vert minst mulig forureining frå vår kommune.