Formålet med reguleringa er å legge til rette for eit massetak for å kunne sprenge ned fjell og ta ut steinmassar i ein periode før areala skal dyrkast opp. Planforslaget er ikkje i tråd med arealdelen i kommuneplanen. Området er sett av til landbruks- natur og friluftsformål, samt reindrift (LNFR). I tillegg er delar av arealet omfatta av aktsomheitssone for rasog snøskred, samt faresone høgspentline. Planen utløysar difor krav om konsekvensutgreiing etter forskrifta. 

Detaljregulering for massetak Raudevjedalen planinnsyn 

 

Merknader til reguleringsarbeidet kan sendast til Valle kommune, innan 22. mai 2020.
Adresse: Postboks 4, 4746 Valle
E-post: postmottak@valle.kommune.no