Tildeling av plassar

Valle kulturskule tilbyr undervising innaføre ulike instrument, til dømes song, gitar, piano, trommer, fiolin, ukulele, med meir. Kva for tilbod som vil bli gitt avheng av etterspurnad, tilgjengelege lærarressursar og kva for stillingssamansettingar som er mogelege. Vedtak om plass blir truleg sendt ut før sommarferien, per e-post. Lærar kontaktar elev/foreldre før skulestart vedrørande informasjon om tidspunkt for timeplan.

Kulturskulen 

Kulturskulen har desse elevavgiftene pr. halvår og dei fylgjer skuleåret :

 

Semesteravgift

frå 01.08.2018

frå 01.08.2019

barn (t.o.m vidaregåande skule)

kr   850,-

kr 871,-

vaksne

kr 1 600,-

kr 1.640,-

Barn og ungdomar tom. vgs. gruppetilbod

(band, kvedargruppe, instrumentalgrupper, o.l.)

kr   400,-

kr 410,-

Vaksenkor

kr   815,-

kr 835,-

Dans 30 minutt

kr   261,-

kr 267,-

Dans 45 minutt

kr   407,-

kr 417,-

Dans 60 minutt

kr   523,-

kr 536,-

 

Dersom ein elev har meir enn eitt instrument er det full avgift for kvart ekstrainstrument.

Syskenmoderasjon: Ein betaler fullt, dei neste 50 %. Det vert ikkje gitt søskenmoderasjon for gruppeundervisning (dans, band, nybyrjargrupper kor, korps) Det er ikkje syskenmoderasjon på ekstrainstrument

Informasjon om søknadsskjemaet

Vi tek atterhald om endringar i tilbodet, og oppmodar derfor alle søkjarar om å fylle ut 2.val i søknadsskjemaet. Dei som vil søkje på band må skrive dette inn som 2.val, og krysse av for at dei ønskjer undervising i begge faga.

Lenke til søknadsskjemaet