1. juli 2015 vart byggjereglane forenkla. Du kan no byggje mindre prosjekt utan å søkje om byggjeløyve. T.d. låg terrasse, og garasje på inntil 50 m2 eller eit tilbygg på 15 m2 på visse vilkår.

Dei nye byggjerelane gjer det lettare å kome i gong, men du får og meir ansvar då du sjølv er ansvarleg for å halde deg innanfor lova. Direktoratet for byggkvalitet har laga ein rettleiar som du kan nytte for å sjå om ditt prosjekt er omfatta av dei nye byggjereglane.  Du finn rettleiaren og mykje nyttig informasjon her.

For nærare avklaring av rammer og innhald i tiltaket kan det haldast førehandskonferanse mellom tiltakshavar, kommunen og andre berørte fagmyndigheiter. Andre berørte parter kan også innkallast. Førehandskonferanse kan krevjast av tiltakshaver eller plan- og bygningsmyndigheitene.

 

Raskart.
Valle kommune har kartlagt rasfarlege område med fast busetting. Du finn rapporten frå NGI og karta som pdf nedanfor.  På denne lenka  finn du oversyn over områda i kartløysinga "kommunekart"

                                                          

Flaumvurdering i Valle sentrum

I samband med rullering av kommuneplanen i 2016 vart det gjort ei oppdatering av tidlegare flomsonekartlegging for 200 års flom ved Valle sentrum langs Otra. På denne lenka  finn du oversyn over områda i kartløysinga "kommunekart". Rapporten frå undersøkelsen finn du nedanfor.