Valle kommunestyre vedtok i desember 2016 at folkebiblioteket i Valle skal vere samla på ein stad. Dette betyr at frå og med hausten 2018 samlar vi all aktivitet i det nye biblioteket. For at alt skal kunne pakkast på best mogleg måte, for så å flyttast over frå Hylestad filial til det nye biblioteket, blei april den siste månaden som Hylestad filial var open.

Vi kjem tilbake med dato for stort sal av bøker og anna.

Biblioteksjefen takkar for den gode tida på filialen, og vonar at mange kjem til å ta i bruk det nye biblioteket, som vi ønskjer skal vere ein møteplass for menneske i alle aldrar.


Opningstider:
 
Hovudbibliotek Valle
Filial Hylestad
Måndag
Stengt
Stengt
Tysdag
Stengt
Stengt
Onsdag
Stengt
Stengt
Torsdag
Stengt
Stengt
 
Bibliotektenesta:
Vi har eit godt utval av tidsskrift, lydbøker og filmar for alle, og vi har fleire bøker enn du nokon gong vil klare å lese.
Du kan søkje på Valle folkebibliotek for å sjå om vi har det du er ute etter. Har vi det ikkje, kan vi skaffe det frå andre bibliotek (fjernlån).
Du kan også søkje i Agder Samsøk og sjølv tinge bøker o.a. om du har nasjonalt lånekort og pinkode.
Bøker lånt på Valle folkebibliotek kan leverast kvar som helst i Noreg. Vi returnerer bøker du har lånt på andre bibliotek.
E-bøker kan du få lånt gjennom bokbasen vår og ebokbib
Digitale basar: Tilbod i Aust-Agder for bibliotekbrukarar som sit heime på eigne datamaskiner. Dette gjeld Atekst (få brukarnamn og passord frå bibliotek i Aust-Agder) og Ecyclopedia Britannica (nasjonalt lånekort frå bibliotek i Aust-Agder, N + 9 siffer). På biblioteket får du og tilgang til Idunn og Ordnett.
Vi tilbyr nybyrjarhjelp i data.
Båe biblioteklokala har ei datamaskin til gratis bruk for alle.
 
Vi har SETESDØLEN.
 
Nyttige lenker samla: