Tørkeskade i jordbruket
Det er tørke i landsdelen, og nivået på grunnvatnet i Agder og Rogaland er ifylgje NVE det lågaste på 25 år. Dette kan skape problem for landbruket med omsyn til vassforsyning og ved avlingssvikt
Me minner om at alle landbruksbedrifter som oppdagar avlingssvikt eller fare for avlingssvikt, straks skal melde frå om dette til Valle kommune.
Ta kontakt med Velkomstsenteret på 3793 7500 og meld frå om avlingssvikt eller fare for avlingssvikt. Velkomstsenteret vil då ta kontakt med sakshandsamar for vidare oppfylgjing.