Setesdal syng ABBA
No skal setesdølane samlast om song - og du er med dette invitert til å vere med!
Valle kommune har tatt initiativ til eit korprosjekt som vi håpar skal samle heile Setesdal. Prosjektet heiter "Setesdal syng ABBA", og det er eit tidsavgrensa kor med få, men intensive øvingar. Prosjektet skal truleg strekke seg over oktober til mars, og er i planleggingsfasen enno, men mykje er allereie på plass - mellom anna det viktigaste, nemleg den musikalske leiinga.
Tina Høgevold frå Valle har takka ja til å vere dirigent. Dei fleste kjenner nok ho frå Bleieboden, og kanskje er ikkje alle klar over at ho eigentleg er utdanna musikar og musikklærar. Magnus Tveiten, gitarist frå Bykle, skal vere kapellmeister / bandleiar, så dermed skulle det musikalske vere i svært så trygge og proffe hender.
Vi håper å få til eit kjempestort kor frå heile Setesdal. Kriteria for å vere med er at ein kan delta på 3 av 4 øvingar, og sjølvsagt på konsertane. Øvingane vil truleg bli lagt til ulike stader i Setesdal, og det same gjeld konsertane. Det vil bli lagt stor vekt på songglede og sosialt fellesskap, dette er eit kor for songglade amatørar. Det viktigaste er at ein liker å synge - og at ein liker ABBA!
For å sjå sjølve invitasjonen, må du opne den til høgre på denne sida.
Påmelding til torunn.charlotte.lund@valle.kommune.no
Påmeldingsfrist: 1. september